LibreOffice 7.3 Hjelp
Set inn eit manuelt linjeskift, spalteskift eller sideskift der skrivemerket står.
Vel kva type skift du vil setja inn.
Avsluttar den gjeldande linja og flytt den funne teksten til høgre for markøren til neste linje utan å laga nytt avsnitt.
Du kan også setja inn eit linjeskift ved å trykkja Shift + Enter.
Set inn eit manuelt spalteskift (i eit oppsett med fleire spalter) og flytt den funne teksten til høgre for markøren til byrjinga av neste spalte. Eit manuelt spalteskift vert vist med ei ikkje utskrivbar ramme øvst i den nye spalta.
Du set inn eit spalteskift ved å trykkja KommandoCtrl + Shift + Enter.
Set inn eit manuelt sideskift. Teksten som står til høgre for skrivemerket vert flytt til byrjinga av neste side. Sideskiftet vert vist som ein strek øvst på den nye sida (streken vert ikkje skriven ut).
Du kan også setja inn eit sideskift ved å trykkja på KommandoCtrl + Enter. Dersom du ønskjer å bruka ein annan sidestil på den neste sida, må du bruka menykommandoen for å setja inn eit manuelt sideskift.
Vel sidestilen for sida som kjem etter det manuelle sideskiftet.
For å byta mellom liggjande og ståande retning, vel Standard sidestil for å bruka ståande retning eller stilen Liggjande for å bruka liggjande retning.
Gjev sida som kjem etter det manuelle sideskiftet eit bestemt sidetal. Dette er berre mogleg dersom du gjev ein annan sidestil til sida etter det manuelle sideskiftet.
Skriv inn sidenummeret for sida som kjem etter det manuelle sideskiftet.